Språkkafé

Ynskjer du å vera frivillig samtalepartnar på biblioteket? Likar du arabisk kaffi? Kom på språkkafé!

Ulvik folkebibliotek og introduksjonsprogrammet for flyktningar på Hjeltnes VGS skipar til fast språkkafé. Dette er eit tilbod for dei syriske innvandrarane som treng å øva seg på å lære norsk, og i tillegg verte kjend med bygdafolket.

5 personar rundt eit bord som samtalar

Språkkafé på biblioteket

Vi garanterer ei hyggeleg og sosial stund, med ei høveleg moglegheit for deg å verte meir kjend med dei nye sambygdingane våre. Alle er velkomne annankvar onsdag mellom 13:00-15:00. Arrangementet er uforpliktande og ope for alle.

For meir info, ta kontakt
Ivar.bu.larssen@ulvik.kommune.no