Tilbod

Treng du lesetips? Ynskjer du deg eit sosialt treffpunkt der du kan lese aviser og prate med sambygdingar? Vil du spele sjakk, sitje på data eller treng du kanskje rettleiing i informasjonsøk? Ulvik folkebibliotek har rom for alle, anten du har lyst å ta med deg borna dine på teater ein laurdag føremiddag, eller treng ein stad å lese til eksamen.

Ulvik folkebibliotek tilbyr eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur for born, ungdom og vaksne. Vi tilbyr ulike medium som lydbøker, tidsskrift, teikneseriar, aviser, film med meir.

Biblioteket har lese- og studieplassar, møterom og eigne soner for born og ungdom.

Det er tilgang til Wi-Fi på biblioteket. Vi har også ein del digitale ressursar du kan nytte i biblioteklokala og/eller heimefrå.

Arrangement

Ulvik folkebibliotek skipar med jamne mellomrom til kultur- og litteraturarrangement for born, ungdom og vaksne. Følg med på framsida for oppdatert informasjon. Vi har i tillegg tre faste treff, språkkafé, filosofisk onsdag og lesesirkel.

Ynskjer du å tinga biblioteket til eigne føremål? Kontakt oss for info.

Lånereglar

Foto: Ingerid Jordal