Teaterkompaniet Grep til Ulvik og Granvin

Teaterkompaniet Grep til Ulvik og Granvin

Aktuelt   

Laurdag 27.oktober får vi attsyn med Teaterkompaniet Grep på biblioteka i Ulvik og Granvin.
Førre gang vitja ho oss med borneframsyninga om Ulla Krulle og Den gåtefulle Vegen. Denne gongen er det stykket Soleklart og Månelyst som står på plakaten.

Soleklart og Månelyst

 

Solgunn Solstråle og Mons Månesen er naboar og deler hage. Men dei er ulike som dag og natt. Solgunn elskar å stelle i hagen om dagen, medan Mons skyr sollys og likar best å vere ute om natta
Dette fører til at dei stadig vekk er usamde, noko som skapar problem for dei begge. Til slutt går det til og med utover naboskapet og hagen.  Velkomen til ei humoristisk framsyning for born mellom 3 og 10 år med ein viktig bodskap: Korleis klare å leve saman når ein er så ulik? Dette er ei framsyning om venskap, toleranse, og om å ta omsyn til dei som er annleis enn oss sjølve.

Framsyning i Ulvik 27.oktober klokka 12:00

Framsyning i Granvin 27.oktober klokka 14:00

Gratis inngang.