Mine sider

Du kan fornye lån i ditt lokale bibliotek og reservere bøker, lydbøker, filmar, med meir gjennom Meg & mitt.

Meg & Mitt

Dersom du er registrert med e-postadresse hos oss, kan du logge deg inn på sidene Meg & Mitt ved å nytte e-post eller kortnummer som brukarnamn, og ein fire-sifra PIN-kode som passord. PIN-koden får du tildelt første gong du registrerer deg som nettbrukar, eller du kan velgje ein over skranken i biblioteket.

Fornye lån

Du kan fornye låna dine dersom ingen står på venteliste. Det er ulike reglar for ulike materialtypar, sjå utlånsreglane.

Du kan sjølvsagt framleis ordne dette i biblioteket, men du kan og ordne det heimefrå, når du er logga inn i Meg & mitt. Materiale som er lånt inn frå andre bibliotek må du få hjelp frå ein bibliotektilsett til å fornye.

Reservere

Det materialet som biblioteket ditt eig, kan du sjølv reservere via biblioteket sitt websøk. Når du finn ein tittel du vil låne, finn du ei lenke oppe til høgre på sida der det står Reserver; klikk på denne så skal systemet hjelpe deg vidare.