Få lånekort

Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lese bøker, aviser, tidsskrift, bruke PC, arbeide med studier og lekser – eller rett og slett og slå av ein hyggeleg prat med biblioteksjefen eller andre gjestar. Dersom du vil låne med deg noko heim, eller laste ned e-bøker heimefrå, må du ha lånekort.

Kven?

Alle som bur i landet kan få lånekort på biblioteket.

Kvifor?

Med lånekort på biblioteket kan du låne bøker, tidsskrift, filmar og andre medium.

Det er gratis å låne og bruke biblioteket, men du må betale for utskrifter og kopiering. Lokalt lånekort gjeld ved ditt lokale bibliotek. Nasjonalt lånekort gjeld i heile landet. Med nasjonalt lånekort får du og tilgang til Filmbib og eBokBib. Sjå meny til venstre.

Korleis?

For å få lånekort treng du legitimasjon som har personnummer og bilete. Gyldig legitimasjon kan vere pass, bankkort eller førarkort. Born under 15 år må ha underskrift av foreldre eller føresette. Du er ansvarleg for alt som er lånt med lånekortet ditt. Bibliotekepersonalet har teieplikt og vernar om låneopplysningar.