Vågestykket

Vågestykket

Arrangement

Velkomen til forfattarbesøk med Inger Anita Herheim med boka Vågestykket - Veien mot felleskapet

Dato / tid
24.10.2019, 19:00 - 20:00


Inger Anita Herheim kom ut med boka Vågestykket i 2015,  ei personleg og spanande historie om jenta som måtte klare seg med stadig mindre høyrsel, og korleis hun utkjempa striden om ein plass i fellesskapet. Forfattaren inviterer lesaren med på ei reise inn i dei vanskelige utfordringane, og videre ut i utforskande adferd i søken etter meistring.

 

Inger Anita Herheim er 53 år, gift og har tre vaksne born. Ho bur på Voss der ho driv Voss Fysioterapi i lag med to kollegaer. Ho er utdanna fysioterapeut ved HiB 1986, med  vidareutdanning i psykomotorisk fysioterapi HiO 1996, og vart pesialist i 1999. Ho har elles teke arbeids- og organisasjonspsykologi UiB 2002, med vidareutdanning i kognitiv terapi HiSF j 2010 og 2011. Ho har vore ekstern foredragshaldar på rehabiliteringskurs ved HLF Briskeby skole og kompetansesenter frå 2004 – Utarbeida diverse sjølvhjelpslitteratur for cochleaimplanterte i lag med audioped Siri Skollerud, med støtte frå extrastiftelsen.

I samtale med Linda Hjeltnes

Inngang: 100,-