Forfattarmøte med Gro Dahle på Ulvik folkebibliotek

Forfattarmøte med Gro Dahle på Ulvik folkebibliotek

Arrangement

Velkomen til forfattarmøte med Gro Dahle

Dato / tid
13.11.2018, 19:30 - 20:30


«Det er som om språket tar fyr mellom Gro Dahles hender», har det vore sagt om diktaren Gro Dahle.

Ei sprudlande livs- og skrivelyst pregar forfattarskapen, der mange av tekstane også har ein mørkare undertone. Diktsamlinga «Søster» frå 2016 er ei sterk forteljing om søstrer. Dahle voks opp som einebarn, men seier at ho alltid har vore nysgjerrig på kva det er med søstrer. Vi har lenge hatt lyst å invitere henne til Ulvik, og endeleg klaffa det!

Gro Dahle les og samtalar med formidlar Guro Ljone.

Arrangør: Hauge-senteret i Ulvik i samarbeid med Ulvik folkebibliotek

Pris: 200,-

Kjøp billettar her: eBillett