Møterom

Møterommet og Kulturstova kan tingast hjå oss til alle føremål. Romma kan nyttast til studiar, musikk-øvingar, treff, arrangement og anna møteverksemd. På møterommet låner vi ut oppbevaringsskap til disposisjon for lag og organisasjonar. Møterommet har prosjektor og musikk-anlegg til disposisjon. Her kan du og låne av lokalsamlinga til Granvin for bruk i biblioteket.

Du må ha eigen nøkkel for å få tilgang på møterommet. Lånekortet gjev tilgang til Kulturstova/biblioteket under meirope. Kulturstova/biblioteket kan berre nyttast utanom opningstid. Ein kan nytte møterommet i bemanna opningstid dersom det ikkje er tinga på førehand.

Tenestetorget har eit booking-system, der du må møte opp og signere kontrakt/tinge rom og hente nøkkel. Hugs at denne berre kan hentast i opningstida til tenestetorget: mån-tors 08:00-14:30.

Du kan tinge rom i bemanna opningstid på biblioteket. Kontakt biblioteket/tenestetorget for meir info.

Det er plass til maks 10 personar på møterommet.

Kontrakt møterom (pdf)

Møterom Granvin