Rydd ei strand, du også!

Rydd ei strand, du også!

Aktuelt   

Kva med å kombinere tur med strandrydding i helga? I desse dagar er det mange som er ute og ryddar på strendene og elles i naturen, og du kan vere med! Med appen «Rydde» kan du både finne og starte ryddeaksjonar i nærleiken av deg.

 

Trygg rydding

Strandryddevekene er i full gong. Dei varar til 20. september med Strandryddedagen 19. september. Ein rekkje organisasjonar, bedrifter og privatpersonar engasjerer seg i ryddinga, og du kan vere med! I vår blei strandryddeveka utsett på grunn av korona. Så lenge vi held avstand til kvarandre, planlegg små aksjonar og er nøye med hanskar og anna ryddeutstyr, kan vi ta i eit tak i haust.
Her finn du tips til trygg rydding frå Hold Norge Rent.

Alt hjelper!

Strandrydding på 2 minutt, 5 for kvalen, plukk i posen, tur med meining eller delta på større aksjon. Det er mange måtar å bidra på, og det treng ikkje vere vanskeleg å få til. I år blir vi spesielt oppmoda til å kombinere turane våre med rydding. Vi nordmenn går mykje på tur, og om vi blir flinkare til å rydde litt på turane våre og handtere avfallet vi finn, kan vi verkeleg få rydda mykje til saman. Fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent står bak initiativet Tur med mening, med mange lokale tiltak i heile landet no i september, også premiering av rydding. Sjå oversikt og finn opplegg der du bur her.

Ryddeaksjon

For større område som treng rydding eller avfall som krev spesiell handtering, er det tenleg med ryddeaksjonar. Her finn du råd om å gå i gong med ein aksjon.
Hold Norge Rent står bak den nasjonale ryddeportalen. I appen «Rydde» kan du både finne aksjonar i nærleiken av deg, eller registrere eit nytt område som treng rydding og nye aksjonar. Ved å veie og gjere ei grovsortering av det du finn og registrere det, er du også med på den viktige kartlegginga til dømes av kva for avfall som er den største utfordringa til ei kvar tid. Registrering kan gjerast enkelt eller meir grundig. For mange kan dette vere både ein tankevekkjar og ein spennande del av aksjonen. Du kan også bruke appen til å melde frå om båtvrak eller anna større avfall, i tillegg til daude dyr og fuglar i den marine sona.

Her finn du ryddeportalen på nett og her kan du laste ned appen «Rydde»

Det sårbare havet

Visste du at 49% av det marine avfallet i Noreg som er mogleg å tidfeste, er mindre enn 5 år gamalt, eller at det kan ta om lag 450 år før ei plastflaske er broten ned? Les om forsøpling av havet på Miljøstatus.no. Her finn du filmar og statistikk som gir deg innblikk i tilstand, konsekvensar, kva som verkar inn og aktuelle tiltak.

På Miljøstatus.no finn du ei rekkje artiklar og kartfesta data om miljøet i Noreg. Med appen Miljøstatus Kart kan du sjekke forureining, freda artar osb. der du bur. Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Statens strålevern med fleire står bak.

Lena Jensen Glesnes, bibliotekutvikling Vestland

Bilde: Ryan Loughlin, Unsplash

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland