Nynorsk barnebokveke i biblioteka

Aktuelt   

Voss og Granvin bibliotek ynskjer å feire dei nynorske barnebøkene og set av veke 37 til ulike arrangement for born og ungdom.

På måndag vert det to forfattarbesøk når Tor Arve Røssland kjem og snakkar om boka Svarte Mathilda for 7. klassingane, og Marianne Gretteberg Engedal presenterer boka Pølsetjuven for barnehagane. Alle born med foreldre er velkomne på høgtlesning i biblioteka. På tysdag kl 13 i Ganvin, og torsdag og laurdag klokka 11 på Voss bibliotek. For dei konkurranselystne vert det mogeleg å delta i kviss som heng i biblioteka.

Program:

7.klasse

Tor Arve Røssland – Svarte Mathilda               

Tysdag 10.09 Voss bibliotek kl. 10:00

Barnehagen

Marianne Gretteberg Engedal – Pølsetjuven

Måndag 09.09 Voss bibliotek kl 10:00

Måndag 09.09 Granvin bibliotek kl 12:00

Høglesing for born i biblioteket:

Tysdag 10.09 Granvin bibliotek kl. 13:00 (for barnehagen)

Torsdag 12.09 Voss bibliotek kl. 11:00

Laurdag 14:09 Voss bibliotek kl. 11:00

Kviss i biblioteket

 

 

Med stønad frå Bokåret 2019 og Voss mållag