Frå Mumletjønn til Gnuldrehei: historia om norske stadnamn

Aktuelt   

Velkomen til humoristisk kåseri om norske stadnamn på Granvin bibliotek!

Journalist i NRK Gøril Grov Sørdal har skrive boka Nomino, historia om norske stadnamn, som viser  korleis hendingar og epokar i norgeshistoria fører til nye stadnamn. Frå Mumletjønn til Gnuldrehei er ei humoristisk bok der vi får høyre om Noregs raraste, søtaste, vakraste og grovaste stadnamn. Kåseriet er både underhaldande og informativt, med laus snipp og glimt i auget, i følgje forfattaren sjølv.

Gøril Grov Sørdal (f. 1974) kjem frå Vik i Sogn, og har sidan 2000 jobba som radio- og TV-journalist i NRK. 44-åringen blei interessert i namn og stadnamn etter å ha jobba med emna i Norgesglasset på P1 og Språkteigen på P2, og interessa resulterte i at ho skapte og leia TV-serien Nomino, som gjekk på NRK1 hausten 2015 og 2016. Grov Sørdal har studert historie, medievitskap, folkloristikk og arabisk ved Universitetet i Bergen.

Det vert boksalg og signering under arrangementet
Gratis og ope for alle