Byssan tull? Om barn og søvn.

Byssan tull? Om barn og søvn.

Aktuelt   

Fride får ikkje sove

Fride er 7 år og likar å synge og vere med vener, teikne og lage fine smykke. Ho er ei nøgd jente, men er vanskeleg å leggje om kvelden. Ho vaknar ofte opp om natta. Då kjem ho inn til foreldra og ønskjer at dei blir med inn og legg ho. Nokre gongar er ho redd, nokre gongar tørst, nokre gongar tissetrengt og nokre gongar har ho drøymd skumle draumar.

Fride klarer seg greitt på skulen, men blir ofte trøytt og ukonsentrert. Ho får nok litt for lite søvn på grunn av alle oppvakningane og fordi det tar lang tid å få ho i seng.

Søvnmangel

Lite søvn kan gjere barn urolege, hyperaktive, gi dårleg konsentrasjon, gjere dei sinte og irritable eller gi dei kaotiske kjensler og problem med fordøyinga. Som ein konsekvens av at dei fungerer dårlegare med lite søvn, kan barn gjere det dårlegare på skulen, bli slappe og tiltakslause.

Søvn gjer at ein blir «lada», som nettbrettet eller mobilen. Om ein ikkje «ladar» nok, kan ein ikkje bruke seg sjølv like mykje og like lenge dagen etter. På same måte som nettbrettet går tom for batteri om det ikkje har «sove» lenge nok.

Søvn skyl også ut avfallsstoff som blir samla opp i hjernen og i kroppen i løpet av ein dag. For å vere mest mogleg klar for neste dag, må vi ha nok tid til skyljing av hjernen.

Normal søvn og søvnbehov

Barn på Fride sin alder har i snitt trong for 9-11 timar søvn. Det er vanleg å ha samanhengande nattesøvn i denne alderen. Korte oppvakningar er også framleis vanleg. Det er stor variasjon i søvnbehovet.

For barn som for vaksne, handlar søvn eigentlig mest om korleis vi fungerer på dagtid. Om barnet fungerer heilt fint om dagen, ikkje klagar over sterk trøytne og ikkje verker spesielt trøytt eller søvnig i løpet av si vakne tid, har barnet mest sannsynleg fått nok søvn.

Søvnregulering

Søvn blir i hovudsak regulert av to biologiske prosessar; 1) døgnrytmen vår og 2) vårt oppsparte søvnbehov.

Om vi får lys inn på auga omtrent same tid kvar morgon, stillar vi vår indre døgnrytme og det blir lettare å sovne. Oppspart søvnbehov handlar om å byggje opp søvntrykket og spare søvnen til natta.

Vanar og åtferd kan overstyre desse to biologiske prosessane. Ved kartlegging, visar det seg at Fride nokre gongar ligg i senga til 09.30 i helgene. I vekedagane må ho stå opp 07.30 for å rekke skulen. Foreldra til Fride har tenkt at det er bra ho får sove litt ekstra, sidan søvn er så viktig.

Nokre gongar har Fride også sovna mens ho gjer lekser eller sit i sofaen og ser TV. Foreldra har latt ho sove litt, for å ta att den tapte søvnen natta før. Leggjetid har ein tendens til å variere veldig for Fride ut frå ulike aktivitetar på ettermiddagen. I helgene får ho også leggje seg litt seinare og vere med på kveldskosen med resten av familien. Fride legg seg alt frå klokka 19.30 til klokka 22.30 i helgene.

Korleis kan Fride få betre søvn og kjenne seg meir utkvilt på dagtid?

Det første vi må finne ut er omtrent kor mykje søvn Fride treng. Foreldra og Fride skriv søvndagbok, der dei vurderer korleis ho fungerer på dagen. Her kan vi rekne ut omtrent kor mykje søvn ho har fått natta før ein dag ho fungerer godt.

Søvnbehov

Det visar seg at 10 timar er Fride sitt søvnbehov, altså heilt normalt for alderen. Fride må stå opp 07.30 for å rekke skulen, og det er vanleg å ha behov for omtrent 30 minutt ekstra i senga til innsoving og kan hende ein tur på do i løpet av natta. Når Fride må opp 07.30 og treng 10 timar søvn, betyr det at ho bør leggje seg 10,5 timar før ho må opp, altså klokka 21.00. Foreldra og Fride får instruksjonar om at ho skal stå opp 07.30 også i helgene, for ein periode.

Det å sove på dagen for å ta att tapt søvn natta før, er det same som å stele søvn frå neste natt. Søvnproblemet til Fride blir haldt oppe ved å gjere dette. Foreldra og Fride får melding om at ho skal fokusere på å vere vaken og aktiv når ho er vaken og ikkje bruke vaken tid på å prøve å sove eller kvile. Vidare får foreldra og Fride instruksjonar om at ho skal leggje seg fast klokka 21.00 kvar kveld (men ikkje tidligare) og at dei skal lage ein god og positiv rutine før leggjetid.

Mareritt

I periodar der Fride har skumle draumar, set foreldra seg saman med ho før kveldsmaten der Fride teiknar draumane. Ho får i oppgåve å teikne draumane mindre skumle som dei faktisk var. På denne måten møter Fride frykta ved å styre den og liggje i forkant.

Premiering

I tillegg fokuserer vi på at Fride ikkje skal få så mykje «service» frå foreldra om natta. Ho får dette grundig forklart. Om ho får kos og prat og mykje merksemd frå mamma eller pappa om natta, vil hjernen tolke dette som ein premie og den vil vakne oftare for å få premien. Dette er ikkje medveten åtferd frå Fride si side.

Fride og mamma har eit godt og nært forhold og mi vurdering er at det ikkje er fare for deira tilknyting. Fride si mor får instruksjonar om å vere bestemt (ikkje sint eller streng, sjølv om det er forståeleg om ho av og til blir det også), og seie kort at Fride må gå og leggje seg i si eiga seng når ho vaknar om nettene.

Oppsummering

• stå opp på same tid kvar dag – også i helgene
• ligg i senga like mange timar som søvnbehovet + 30 minutt
• spar alt søvnbehovet til natta
• ha ei om lag fast leggjetid om kveldane, også i helgene
• gje kroppen og hjernen gode assosiasjonar til leggjetid og søvn i eiga seng.
Ved å følgje desse 5 stega i 2-3 veker vil dei aller fleste barn (og foreldre) merke stor betring i søvnproblem og korleis barna fungerer på dagtid.

Vil du vite meir?

Du kan lese meir om søvn og søvnvanskar på Helsebiblioteket.no og hos Folkehelseinstituttet:
Om søvnhygiene hos barn på helsebiblioteket
Om søvnproblemer hos barn på helsebiblioteket
Om søvn og søvnvansker hos Folkehelseinstituttet


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek