Korleis får du barnet til å sove?

Korleis får du barnet til å sove?

Aktuelt   

Desse råda er henta frå helsebiblioteket.no og «Gode råd»-serien for gravide og småbarnsforeldre. Råda er utarbeidd av ei tverrfagleg gruppe helsepersonell og gjeve ut av forskargruppa PharmaSafe ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

Hjelp, barnet mitt vil ikkje sove

Mange foreldre til små barn har vore frustrerte over at barnet ikkje får sove. Dei kan ha prøvd alle triks i boka, lest råd på nett frå andre i same situasjon, eller ringt til ein ven i håp om ein lur metode som ingen har prøvd.

Både barn og foreldre får betre fysisk og psykisk helse og trivsel med gode søvnvaner. Vi lærer betre, yter betre, får betre hukommelse og vi lever lenger når vi får nok søvn. Likevel er det ikkje like lett å få babyen til å sove, uansett kor trøtt alle er.

Soverommet bør ikkje vere for varmt, og aktivitetar bør vere litt rolegare før leggetid same kva tid på døgnet det er. I vogna skal det alltid vere opning sånn at frisk luft kjem inn. Kva med alt det andre?

Alltid på ryggen

Spedbarn søv i lange, middels eller korte strekk. Barnet kan sove gjennom hele natta, vakne eit par gongar eller vakne så mange som seks-sju gongar i løpet av natta – og det er heilt normalt. Uansett lengd på søvnintervalla skal barnet sove mellom 16-20 timer i døgnet, og spedbarn skal alltid sove på ryggen. Om babyen søv godt i same seng som deg, bør eiga babydyne brukast.

Allereie etter tre månader kan foreldre byrje å innarbeide gode søvnvanar for barnet, og skilje mellom søvn på dag og natt. Ikkje kutt ut søvn på dagen i håp om lengre nattesøvn. Det beste er om barnet sjølv får styre når det vil sove og ikkje – om det klarar det nokonlunde regelmessig i løpet av døgnet.

Barnet skal helst være vaken og søvnig når det leggjast i senga eller vogna. Det kan bli litt gråting og uro, men barnet bør lære å sovne uten at mor eller far voggar det i søvn.

Barn på eit halvt år treng ikkje nattmat

Etter eit halvt år søv barnet mellom 10-12 timar til vanleg om natta og tar gjerne eit par dagduppar på 1-3 timar. Når barnet et fast føde, er det ikkje lenger naudsynt med nattmat. Mange barn treng likevel tid til å slutte med nattmåltidet og å lære å sove ei heil natt. Det kan bli nokre slitsame kveldar og netter. Når ungen søv heile natta, vil det sjølvsagt vere verdt det.

Når barnet græt og ikkje vil sove, kan du gå inn og seie med roleg stemme: «No er det natt og du må sove». Dette gjer du heilt til barnet søv. Eit godt råd er å gradvis auke tida du ventar med å gå inn. Sidan nokre barn græt meir av å sjå foreldra sine, kan det vere lurt å sjekke om barnet har det bra utan å sjølv bli sett.

Slutt på å vakne opp om natta

Når barnet vakner om natta, er det lurt å prøve å roe det nede i senga. Om nattmåltidet er fasa ut, kan du ta med litt vatn. Å få kome opp i foreldresenga eller inn i stua kan lett bli ei belønning, som gjer at uvanen held fram.

Barnesenga kan gjerne stå rett ved sida av foreldresenga, slik at ein kan roe barnet med kviskring og berøring. Om barnet treng smokken for å sovne att, bør ein vurdere å slutte med smokk. Alternativt kan smokken vere festa i pysjen med smokkehaldar, eller det kan ligge fleire smokkar i senga som barnet kan finne sjølv.

Prinsippet med tiltaka over er at om det ikkje skjer noko når barnet vaknar, vil det etter kvart slutte å vakne om natta. Gråt og protestar må ein rekne med. Den gode nyheita er at mange får ønska søvnmønster på plass raskare enn dei hadde trudd.

Bruk aldri senga som straff

Det kan vere lett å seie til barnet på 3-4 år «om du er snill, skal du få vere lenge oppe». Prøv å ikkje seie slike ting til barna. Søvn er viktig og skal vere noko dei kan glede seg til.

Nokre småtassar finn sjølve vegen inn i foreldresenga kvar natt. For å få slutt på dette – om du ønskjer det – kan du motivere barnet ved å bruke eit madrass-triks. Ha ein madrass med laken klar under senga di, og be barnet om å hente eiga dyne og pute frå senga. Kvar natt barnet søv på madrassen, kan det få eit klistremerke, og når det har fått til dømes fire klistremerke kan de finne på noko gøy saman.

Etter nokre veker blir det gjerne færre netter på madrassen, kan hende berre når barnet får mareritt? Då skal barnet få vere i nærleiken av foreldra.

Lykke til med den lille, og sov godt!


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek