Bokåret 2019

Aktuelt   

Bokfest i heile landet

I år er det 500 år sidan den første norske boka blei trykt! For å feire denne historisk viktige hendinga har Nasjonalbiblioteket tatt initiativet til ei stor nasjonal markering. BOKÅRET 2019 skal markerast med 1500 arrangement i 500 bibliotek i heile landet.

Leseglede for alle

Målet med Bokåret 2019 er å spreie leseglede og interesse for litteratur til publikum i alle aldrar. Det vert stor variasjon i arrangementa til born, ungdom og vaksne, slik at alle skal kunne finne eit arrangement som interesserer dei. I Bokåret 2019 reiser mange av dei mest kjende og populære forfattarane i landet rundt til biblioteka i Hordaland, slik at publikum kan få møte favorittforfattarane sine på det lokale biblioteket sitt. Bokåret 2019 er året der ein skal kunne bli endå betre kjent med litteraturen ein allereie er glad i og samstundes oppdage nye litterære favorittar.

Kven kjem til deg?

Følg med på feiringa av Bokåret i biblioteket ditt. Det kan vere spennande arrangement i nærmiljøet.

Arrangement til lands og til vanns i heile fylket

Fylkesbiblioteket i Hordaland har fått tildelt kr. 800 000 frå Nasjonalbiblioteket for å lage 206 arrangement på 206 ulike stader i 32 kommunar i Hordaland fylke. Alle folkebiblioteka i Hordaland skal vere med på å markere Bokåret 2019. I tillegg til dei lokale biblioteka vil bokbåten Epos og dei fire kommunale bokbussane ha med seg gode arrangement til kvar kring og krok i fylket.

Programmet for Bokåret 2019 er under stadig planlegging og utviding. Følg difor med på nettstaden vår for å halde deg oppdatert om kva forfattarar som kjem på vitjing til oss, og andre arrangement vi skal ha for å feire litteraturen utover året.

 


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek