Vinterles-bingo for Voss og Granvin bibliotek

Aktuelt   

Det går mot kaldare tider. Dagane blir kortare og det mørknar tidleg.
Då er det godt å kunne setja seg ned i godstolen med varm drykk og ei god bok. Vinterles-Bingo er ei uhøgtideleg leseutfordring for vaksne frå 16 år!

Du kan lesa heilt fram til 6. april 2019. Ei vassrett eller loddrett rekke gir eit lodd i trekkinga, fullt brett gir 10 lodd. Same bok/tittel kan nyttast ein gong.

Her er konkurransearket du kan prente ut, eller hente på biblioteket: VINTERLES-Voss og Granvin