Ungdomens kritikarpris 2018

Aktuelt   

Nominasjonane til Ungdommens kritikarpris er her. Per Petterson og Trude Marstein er blant kjenningane på lista.

Blant dei nominerte finn vi nemleg både gamle travarar og meir ukjente stemmer.

– I år var det særleg mange kvinnelege forfattarar som utmerkte seg med sterke bøker, noko som også speglar att i den endelege lista, som består av seks kvinner og to menn, seier juryleiar Ola Jostein Jørgensen.

Sju juryklassar

No blir dei nominerte bøkene sende ut til sju juryklassar i vidaregåande skule som skal lese og diskutere seg fram – før ein endeleg vinnar blir kåra. Det skjer på Sentralen i Oslo 14. mars neste år.

Ungdommens kritikarpris kom i stand etter eit initiativ frå Foreningen !les i 2005. Bak samarbeidet om prisen står også Utdanningsforbundet, Norsk kritikarlag og Den norske Forleggerforening.

 

Dei nominerte er:

  • Marit Eikemo – «Gratis og uforpliktande verdivurdering». Samlaget
  • Trude Marstein – «Så mye hadde jeg». Gyldendal
  • Sonja Nyegaard – «Mørket er et mirakel». Kolon
  • Per Petterson – «Menn i min situasjon». Oktober
  • Kjersti Skomsvold – «Barnet». Oktober
  • Ellen Mari Thelle – «Bernhard banker på». Flamme
  • Gunnhild Øyehaug – «Presens Maskin». Kolon
  • Stig Aasvik – «Ordføreren i Oslo». Cappelen Damm

Henta frå Framtida: onsdag 14. november 2018 12.40

Ungdomens kritikarpris