Teaterkompaniet Grep engasjerer

Aktuelt   

Laurdag 27.oktober skipa biblioteket til teater for born på begge biblioteka.
Det vart stor suksess, med fulle lokale og entusiastiske born.

Marianne Løseth i Teaterkompaniet Grep har vitja biblioteka i Hardanger fleire gonger. Ho lagar framsyningar for born fullspekka med humor. Ho er dyktig på å kommunisere med borna ved bruk av interaktiv teknikk, der borna vert medskapar av historiane hennar. I tillegg får skodespelet utfalda seg i rein impovisasjon noko som gjer det ekstra komisk, det er reine teatersporten. Ho spelar fleire rollar med hyppige sceneskift, og ofte er det motsetnader i relasjonar mellom to særs ulike personlegdomar som er rammeforteljinga.  Venskap, utanforskap og rettferdigheit er universelle tema som born synest opptekne av.

 

Vi håpar på attsyn til våren!