Ulvik folkebibliotek

Treng du lesetips? Ynskjer du deg eit sosialt treffpunkt der du kan lese aviser og prate med sambygdingar? Vil du spele sjakk, sitje på data eller treng du kanskje rettleiing i informasjonsøk? Ulvik folkebibliotek har rom for alle, anten du har lyst å ta med deg borna dine på teater ein laurdag føremiddag, eller treng ein stad å lese til eksamen.

Lånereglar.Ulvik folkebibliotekOm biblioteket

Ulvik folkebibliotek ligg sentralt i sentrum av bygda. I eit innbydande og mangfaldig bibliotekrom ynskjer vi velkomen for bokprat og sosialt møte. Vi tilbyr eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur for born, ungdom og vaksne. Vi tilbyr lydbøker, tidsskrift, teikneseriar, aviser og film. Vi har lese -og studieplassar, møterom og eigne soner for born og ungdom. Det er tilgang til Wi-Fi på biblioteket. Vi har og utenlandske og historiske aviser tilgjengeleg på nett.

Finn du ikkje boka du leitar etter? Då kan e-bøker vere noko for deg. Du kan lesa om e-lån under menyen digitale tenester. E-lån Hordaland tilbyr eit stort utval av gratis e-bøker for utlån.

Arrangement

Ulvik folkebibliotek skipar med jamne mellomrom til kultur- og litteraturarrangement for born, ungdom og vaksne. Følg med på framsida for oppdatert informasjon. Vi har i tillegg tre faste treff, språkkafé, filosofisk onsdag og lesesirkel. Ynskjer du å tinga biblioteket til eigne føremål? Kontakt oss for info.

Lånereglar

 

Velkomen til oss!

Besøksadresse:

Ulvik folkebibliotek
Maritastykket 3
5730 Ulvik

+47 400 07 157
+ 47 56 52 70 57
theresa.wallevik@ulvik.kommune.no

Følg oss på Facebook
www.ulvikbibliotek.no

Foto: Ingerid Jordal