Prøv Biblioteksøk – alle bibliotek i eit søk

Prøv Biblioteksøk – alle bibliotek i eit søk

Aktuelt   

På Biblioteksøk kan du låne frå alle norske bibliotek. Med eit enkelt søk kan du finne ei bok, ei lydbok, ein film eller ei musikkinnspeling. Ved å logge inn med Nasjonalt lånekort, kan du bestille til ditt lokale bibliotek.
Du kan også få direkte tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket.

Nasjonalbiblioteket står bak den nye tenesta. Alle folkebiblioteka, dei fleste fagbiblioteka (alle universitet og høgskular) og også bibliotek på mange vidaregåande skular er med i Biblioteksøk. 

Når Biblioteksøk skal finne ei bok, vil det først leite i det næraste biblioteket ditt (hentebiblioteket ditt). Har ikkje dette biblioteket boka, vil Biblioteksøk gå til næraste neste bibliotek, og finst boka der, vil boka bli send til hentebiblioteket ditt. På den måten vil Biblioteksøk sørgje for at bøker som blir bestilt frå andre bibliotek, får kortaste og mest mogleg effektive reiseveg. Finst ikkje boka på ditt hentebibliotek, kan det gå om lag ei veke før du kan hente boka på biblioteket.

Biblioteksøk finn du på bibsok.no

Ta kontakt med ditt lokale bibliotek eller bibsok@nb.no om du har spørsmål.