Musikalsk barnetime i Kulturbanken i vår

Musikalsk barnetime i Kulturbanken i vår

Aktuelt   

Musikkpedagog og initiativtakar Nathalie Giger-Krogstad, i samarbeid med Rannveig Djønne, skipa til Musikalsk barnetime i Kulturbanken i vår.
Fem torsdagar på rad har 13 born med foreldre sunge, dansa, opplevd rytmikk, spela, og til og med laga eigne instrument i eit fargerikt og inspirerande miljø.

Nathalie er oppvaksen i Sveits, med musikalsk utdanning frå konservatoriet i Zürich. Ho har mellom anna arbeidd fem år i Vest-Afrika med musikkundervisning for born. Nathalie er no busett på Djønne med mann og to born. Vi er særs glade for initiativet, og gler oss til å få besøk av Nathalie og borna til hausten!

Her er nokre bilete frå arrangementet (teke med foreldra si godkjenning)

 

 

Lyst å vere med til hausten? Meld dykkar interesse til Nathalie på e-post: nathalie@giger-tiger.com

Foto: Ingerid Jordal