Lyrisk feiring av språkmangfaldet i Ulvik

Lyrisk feiring av språkmangfaldet i Ulvik

Aktuelt   

21. februar er den internasjonale morsmålsdagen. Dagen blei stifta i 2000, og har som mål å fremje og auke forståing for språkleg og kulturelt mangfald. I poesibygda Ulvik vil vi feire dagen med å lese og å samtale om dikt på mange språk.

Ulvik er så heldig å ha innbyggjarar med mange nasjonalitetar, og derfor eit stort språkmangfald. På morsmålsdagen inviterer vi alle som har flytta til Ulvik frå andre deler av verda til å presentere poesi på sitt morsmål. Feiringa byrjar klokka 13.00 den 21. februar og finn stad på Ulvik folkebibliotek. Vi rundar av med språkkafé der vi sit i mindre grupper, drikk kaffi og snakkar om språk og dikt.

Arrangør: Hauge-senteret i samarbeid med Ulvik folkebibliotek og Vaksenopplæringa på Hjeltnes vidaregåande skule.

 

Ope og gratis for alle!