Knut Hamre og Ola E. Bø: Litteraturkonsert

Arrangement

Vi er særs stolte av å presentere superduoen Knut Hamre og Ola E. Bø. Dei framfører det nye verket «og i spelet kunne sorga letna og bli til flog», der vi får oppleve Granvin-slåttar i kombinasjon med formidling av utvalde Jon Fosse og Olav H. Hauge-tekstar.

Dato / tid
16.10.2017, 19:30 - 20:30


Dei siste to åra har spelemannen Knut Hamre spelt inn det han sjølv kan og elles har komme over av slåtterepertoaret som har vore i bruk i Granvin; bortimot 100 hardingfeleslåttar som kjem ut i ein CD-boks med fyldig dokumentasjon på plateselskapet Grappa til neste år.

Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret, har valt ut ulike tekstar av Jon Fosse og dikt av Olav H. Hauge. Desse to diktarane har dei begge tilknyting til på ulike måtar, gjennom samarbeid i konsertar, i teatret og privat.  Gjennom spel, samtale og utdrag frå ulike delar av Fosses mangslungne forfattarskap og Hauges dikting har dei snikra eit program på rundt ein time der spel er ein tydeleg tråd.

Med atterhald om endringar på tidspunkt

Inngang 200,-