Feiring av morsmålsdagen på Ulvik folkebibliotek

Feiring av morsmålsdagen på Ulvik folkebibliotek

Arrangement

Velkomen til Ulvik folkebibliotek for feiring av morsmålsdagen 21/2 klokka 13:00.
Vi får høyre lyrikk-opplesing på fleire språk og etter det vert det språkkafe

Dato / tid
21.02.2018, 13:00 - 15:00


Ulvik har mange innbyggjarar frå ulike deler av verda og derfor eit stort språkmangfald. Dette mangfaldet feirar vi på den internasjonale morsmålsdagen. Alle som har flytta til Ulvik frå andre delar av verda, er hjarteleg velkomne til å presentere poesi frå heimlandet sitt, eller dikt dei har skrive sjølve. Hauge-senteret arrangerer i samarbeid med Ulvik folkebibliotek.

 

Gratis og ope for alle