Bokslepp i Kulturbanken: Kåre Johan Mjør

Arrangement

Forskar og idéhistorikar Kåre Johan Mjør kjem på vitjing i Kulturbanken for å lansere den nyskrivne boka Russiske imperium.

Dato / tid
15.09.2017, 19:00 - 20:30


Kulturbanken/Granvin folkebibliotek inviterer bygdafolket og andre interesserte til bokslepp! Kåre Johan er forskar/filolog og idèhistorikar med Russland som kompetanseområde. Mjør (oppvaksen i Kvanndal) er tilknytt Uppsala Universitet. Han har mellom anna publisert ei rekkje artiklar, både på norsk, engelsk og russisk, vore ein aktiv bidragsytar til nettleksikonet Allkunne.no, held kurs i akademisk skriving for Høgskulen på Vestlandet. Kåre Johan har i tillegg vore tilsett ved den norske ambassaden i Moskva. Det er altså ikkje reint lite denne karen kan skilta med.

Russiske imperium (Cappelen Damm: 2017) er den fyrste bokutgjevinga på norsk.

Vi ser fram til å ta del i kunnskapen hans, og gler oss stort til besøk!

Det vert høve til å kjøpe boka. Biblioteksentralen si omtale av Russiske imperium kan du lese her:

Kåre Johan Mjør: Russiske imperium (2017)