«Spelemenn i mellom»: Kortfilmvising i Kulturbanken

Aktuelt   

Ei ukjent historie om Anders Kjerland og Geirr Tveitt er tema i filmen som folkemusikkentusiastar i Granvin presenterer i Kulturbanken fredag kveld.

To markante personlegdommar innan musikkverda i Hardan­ger var gode vener; meisterspe­lemannen i Granvin, Anders Kjerland (1900-1989), og kla­vervirtuosen og komponisten i Kvam, Geirr Tveitt (1908-1981). Olav S. Haugse har hatt ideen til filmen som lokale krefter i Granvin no har laga. Han høy­rde nyleg son til Anders Kjer­land, Knut, spela ein liten me­lodi på trekkspel. Haugse fekk også høyra historia bak denne melodien, som Geirr Tveitt på 1950-talet skreiv som ei spontan helsing til Anders Kjerland.

– Det er ei god historie og ein god melodi, som det er vel verdt å ta vare på, meiner Haugse.

Vart ikkje borte

Detaljane i historia får dei som ser filmen, men dei fleste har trudd at musikkstykket vart borte i den store brannen i Tveitt sin heim, i Bjødnabra­kane i Kvam. Men musikken har levd i minnet til sonen Knut Kjerland, og brorsonen Sjur Kjerland. Melodilinja er også å høyra som eit tema heilt på slut­ten av Tveitt sin klaverkonsert nr. 5, op. 156, har dei fått kjenn­skap til.

I eit samarbeid mellom mu­sikarane Knut Kjerland, Kjetil Helland, Knut Hamre og Sjur Kjerland, ideansvarlege Olav Haugse og filminteresserte Leif-Kåre Havås er det vorte skapt ein halvtimes film, som i tillegg til historia også gjev ei ramme rundt. Med vakre bilete og svei­pande utsyn over ulike deler av Granvin, vert det gjeve ei innlei­ing som peikar på samanhengar mellom musikk og natur, land­skap og lynne. I Gamlastovo på Vindal får ein både forteljinga om den spesielle tonerekkja som Geirr Tveitt komponerte, og korleis spelemennene fram­fører den i dag med sine arran­gement.

Set lys på Tveitt

Knut A. Kjerland håpar filmen dei har laga kan visa kva di­mensjonar det var over Geirr Tveitt, som i si tid var ein verd­skjend komponist og utøvar på klaver.

– Er folk i Hardanger no klare over kva han sto for, spør Knut A. Kjerland seg.

Han håpar filmen kan vera eit lite bidrag i den retning, og legg til at dei ikkje angrar på arbei­det dei har lagt ned. For dei har hatt mykje moro og, kan han fortelja. Tilbakemeldingane frå sentrale personar i folkemu­sikkmiljøet har også vore gode. Dette er noko eit stort publikum bør få sjå, har dei fått høyra.

I fyrste omgang er det dei som møter opp i Kulturbanken i Granvin fredag kveld som får gjera seg opp ei meining.

Tekst er henta frå artikkel publisert i papirutgåva avisa Hordaland 5/10/17

Med løyve frå Sigrid Seim (forfattar)

ss@avisa-hordaland.no

Tidspunkt:19:00

Fritt tilgjenge