«og i spelet kunne sorga letna og bli til flog»

Aktuelt   

Vi er stolte av å presenterere hardingfelekunstnar Knut Hamre og den anerkjende dramatikaren Ola E. Bø. Superduoen kjem til Kulturbanken og Ulvik folkebibliotek for å framføre verket «og i spelet kunne sorga letna og bli til flog» med Granvin-slåttar og tekstar av Jon Fosse og Olav H. Hauge.

Dei siste to åra har spelemannen Knut Hamre spelt inn det han sjølv kan og elles har komme over av slåtterepertoaret som har vore i bruk i Granvin; bortimot 100 hardingfeleslåttar som kjem ut i ein CD-boks med fyldig dokumentasjon på plateselskapet Grappa til neste år.

Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret, har valt ut ulike tekstar av Jon Fosse og dikt av Olav H. Hauge. Desse to diktarane har dei begge tilknyting til på ulike måtar, gjennom samarbeid i konsertar, i teatret og privat. Gjennom spel, samtale og utdrag frå ulike delar av Fosses mangslungne forfattarskap og Hauges dikting har dei snikra eit program på rundt ein time der spel er ein tydeleg tråd.

Arrangementet er produsert for Hardangerbiblioteka

Stad/Tid:

Kulturbanken, Granvin bibliotek: måndag 16/10 klokka 19:30
Ulvik folkebibliotek: onsdag 18/10 klokka 19:30

Inngang 200,- (ikkje kort)

Med atterhald om endringar