Redusert opningstid i Ulvik

Aktuelt   

Grunna ferieavvikling held biblioteket stengt måndag og torsdag i veke 41
Biblioteket er ope tysdag og onsdag same veka til vanleg tid, 10:00 - 16:00.

Dikt

Solkverv

Ljost fyre og myrkt bak!
Greid Skuring og klaar Sak:
Ljost fyre og myrkt bak!
Og Snjo-Kaven skreik: „Soli er daud!“
Og Dimma aukade paa etter kvart.
Og Vetren var so lang og so aud.
Og Notti vart so lang og so svart.
Men so fekk me Solkverv
innunder Jol.
Og Joli, ho kom
med aukande Sol.
— Det ljosnar, det ljosnar kvar evige Dag!
Det ljosnar, det ljosnar
kvar evige Dag!

Ljost fyre og myrkt bak!
Greid Skuring og klaar Sak:
Tru fyre og Tvil bak!
Og Helvite skreik: „Himlen er daud!“
Og Tvilen aukade paa etter kvart.
Og Verdi vart so myrk og so aud.
Og Hugen vart so tung og so svart.

Men so fekk me Solkverv
innunder Jol.
Og Joli, ho kom
med Tru og med Sol.
— Det ljosnar, det ljosnar kvar evige Dag!
Det ljosnar, det ljosnar
kvar evige Dag!

(Per Sivle, utdrag frå diktet Solkverv)