Granvin folkebibliotek – Kulturbanken

Treng du eit rom for fordjuping og mobilavrusing, eller treng du å utvide den digitale horisonten din? I april 2016 flytta biblioteket inn i nye lokalar i gamle bankbygget i Granvin sentrum, døypt om til Kulturbanken. Vi har fått eit nytt bibliotek og ei eiga kulturstove med mange fasilitetar. Store og små er velkomne - anten du ynskjer lesetips, rettleiing i digitale tenester eller gjere lekser.

Om biblioteket

Foto: Ingerid Jordal

På biblioteket i Kulturbanken kan du låna frå ei spanande og aktuell boksamling. Vi i tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviser for alle aldrar. Dersom vi ikkje har materialet du ynskjer deg, tingar vi dette. I Kulturstova har vi salongbord, tidsskrift/nyheitsavdeling og eit sceneområde. Vi har eigne bibliotek-soner for born, vaksne og ungdom. Vi tilbyr møte- og studierom med prosjektor/musikkanlegg, samt ei lokalsamling til bruk i biblioteket.

Vi har sjølvbetjent kjøken med kaffitraktar. I biblioteket er det to stasjonære PC’ ar der vi tilbyr historiske og utanlandske nettaviser. Det er WI-FI i biblioteket. Finn du ikkje boka du leitar etter? Då kan e-bøker vere noko for deg. Du kan lesa om e-lån under menyen digitale tenester. E-lån Hordaland har eit stor utval av gratis e-bøker for utlån. Kulturstova og møterommet kan tingast hjå oss til alle føremål, til dømes møter, treff og arrangement. Vi har oppbevaringsskap til disposisjon for lag og organisasjonar. Sjå meny til venstre.

Meirope

Biblioteket i Kulturbanken er eit meirope bibliotek. Dersom du har bustadsadresse i Granvin kan du nytte biblioteket utanom opningstid, ved bruk av lånekort og pin-kode. Aldersgrensa er 16 år.  Sjå meny til venstre. (Merk: for tida er meirope ute av drift, følg med på sida for oppdatert informasjon).

Aktivt bibliotek

Granvin folkebibliotek er eit aktivt bibliotek. I Kulturstova skipar vi til arrangement som forfattartreff, teaterframsyningar, konsertar og filmvisingar. Vi har og lesestundar, klassebesøk og leseaksjonar i biblioteket. Det er mogleg å leige rommet til slike føremål.

Foto: Ingerid Jordal

Besøksadresse:

Granvin folkebibliotek
Kulturbanken
Hardangervegen 2562
5736 Granvin

tlf:+47 400 07 157
Theresa.wallevik@granvin.kommune.no

Følg oss på Facebook
www.granvinbibliotek.no