film

Den europeiske språkdagen – filmvising på Hauge-senteret

Aktuelt   

Hauge-senteret og Ulvik folkebibliotek markerer Den europeiske språkdagen 26. september med visning av dokumentarfilmen «Mannen som kunne 75 språk», ei gripande forteljing om språkgeniet som kjempa for minoritetars rett til å nytte sitt eige morsmål.

Denne animerte historiske dokumentaren om noregsvennen Georg Sauerwein (1831-1904) er ei sterk historie om ein særs intelligent og usedvanleg samansett mann. Den fattige prestesonen frå Litauen vart i ung alder privatlærar for den rumenske prinsessa Elisabeth av Wied. Full av kjærleikssorg sette han alle sine krefter inn i ein kulturpolitisk kamp for å sikre minoritetar sin rett til å bruke sitt eige språk. Sauerwein meinte sjølv at menneska si sjel ligg i språket. Mister folk sitt morsmål mister dei samstundes si sjel. Sauerweins kamp for språkleg mangfald og språklege rettar var eit banebrytande arbeid i denne epoken av Europas historie.

Vi er glade for å presentere denne fascinerande filmfortellinga på Den europeiske språkdagen, seier Geir S. Netland, dagleg leiar for Hauge-senteret. Netland minner om at språk og identitet er særs viktige og aktuelle tema også i dagens Europa.Filmskapar Anne Magnussen har samarbeidd med mange europeiske produksjonsmiljø for å realisere denne unike historien. Filmen er fleirspråkleg på mange plan, dialogen er på tysk, engelsk, italiensk, norsk og litauisk, med norske undertekstar. Magnussen kjem til Hauge-senteret for å presentere filmen og fortelje om korleis prosjektet blei til.

På initiativ frå Europarådet i Strasbourg har Den europeiske språkdagen blitt markert sidan 26. september 2001. Målsettingane for språkdagen er:

• fremje fleirspråklegheit og interkulturell forståing ved å gjera alle merksame på kor viktig språklæring er, og oppmoda til større variasjon i kva språk folk vel å lære seg

• fremje det rike språklege og kulturelle mangfaldet i Europa gjennom bruk og bevaring

• å oppfordre til livslang språklæring i og utanfor utdanningsinstitusjonane, enten føremålet er studie- eller yrkesrelatert, knytt til mobilitet eller berre for større språkglede og mangfald

Visninga finn stad i Heradsstyresalen på Hauge-senteret 26. september kl. 20.00