Bibliotekdagane 2017

Bibliotekdagane 2017

Aktuelt   

Besøk i Kulturbanken/Ulvik bibliotek under Bibliotekdagane 2017!

Om lag 35 deltakarar frå biblioteka i Hordaland vitja i år Ulvik og Granvin folkebibliotek under bibliotekdagane, som er ei årleg hending over 2 dagar for bibliotektilsette i Hordaland. Deltakarane budde på Brakanes hotel, og det vart helde konferanse og foredrag på Kongressen. Tema i år var mellom anna evaluering av prosjektet Sterk, spenstig og klar – dei nye modellbiblioteka i Hordaland, der Kulturbanken vert trekt fram som eit særs vellukka prosjekt.

Rannveig Djønne stod for musikkinnslag, ordførar Ingebjørg Winjum, assisterande rådmann Olav Seim og rådmann Trude Letnes orienterte om prosjektet under kaffien. I tillegg til besøk i Kulturbanken, vitja deltakarane Ulvik bibliotek og Hauge-senteret dagen etter.